Styringsgruppa
I oppdragsbrevet frå Kultur- og likestillingsdepartementet vart det oppnemnt ei styringsgruppe som skal sikre samordning og gjennomføring av felles strategiar. Styringsgruppa blir leidd av Nasjonalbiblioteket ved Ibsen 200, og består av Stiftelsen Norsk Folkemuseum, Nationaltheatret, Skien kommune, Grimstad kommune, Universitetet i Oslo og NORLA, Stiftinga for norsk litteratur i utlandet.
Styringsgruppa møtest jamleg for å oppfylle mandatet, og hadde sitt første møte i 2025.
Grimstad kommune
«Der Ibsen ble Ibsen»
Apotekarlærlingen Henrik fekk si kunstnarlege oppvakning som diktar i Grimstad. På vaktrommet i apoteket skreiv han kjærleiksdikt til jentene i byen, og sitt første drama, Catilina.
Ibsen-destinasjonen Grimstad byggjer vi saman med dei lokale Ibsen-aktørane våre:
• Bruddet Fjæreheia er ei spektakulær utandørsscene med Ibsen-produksjonar av høg kvalitet, folkemøte, konsertar og framsyningar i Ibsens ånd.
• Sult litteraturfestival har Ibsen, Hamsun og samtidslitteratur på programmet. Festivalen ønskjer å bli ein viktig skandinavisk litteraturfestival fram mot Ibsen-jubileet.
• Ibsen-museet vårt er det eldste i verda. Utstillinga skal fornyast, og ti måleri signerte av Ibsen skal stillast ut. «Drømmeslottet» er eit digitalt DKS-tilbod under utvikling, om Ibsen og tre av verka hans.
• Grimstad bibliotek skal ha meir Ibsen på programmet, og det vil bli fleire omvisingar i Nina Sundbyes skulptursamling for fleire målgrupper.
Saman med regionale kulturinstitusjonar, næringsliv, akademia og frivillig sektor vil vi aktivere Ibsens dramatikk for nye generasjonar og skape varig engasjement også etter jubileumsåret.
Grimstad kommune er observatør i den nasjonale styringsgruppa for Ibsen 200.

NORLA
NORLA, Stiftinga for norsk litteratur i utlandet, fremjar eksport av norsk litteratur gjennom aktivt promoteringarbeid og tilskot til omsetjing. Organisasjonen spreier kunnskap om norske bøker og forfattarar i utlandet, og drifta er finansiert av Kulturdepartementet. NORLA vart oppretta i 1978 og har sidan 2004 medverka til omsetjing av meir enn 9 000 norske bøker til heile 81 språk.
Som medlem i styringsgruppa for Ibsen 200 bidreg NORLA til å knyte jubileet til det internasjonale litteraturfeltet.

Norsk Folkemuseum STO
IBSEN Museum & Teater er ein del av Stiftelsen Norsk Folkemuseum. Museet i Oslo er Henrik og Suzannah Ibsens siste heim og ein sentral arena for formidling av Ibsens liv, verk og betydning. Her møtest den autentiske heimen, utstillingar, scenekunst og eit aktivt publikumsprogram.
Ibsen 200 skal nyttast til å nå eit større og breiare publikum, samstundes som vi byggjer tilbod som varer etter jubileumsåret. Vi har ei særleg satsing på unge og unge vaksne, samstundes som vi skal styrkje tilbodet til det internasjonale publikummet vårt.
Fram mot 2028 utviklar vi ein utstillingstrilogi om Ibsens kvinner, menn og barn. I jubileumsåret planlegg vi eit breitt program med scenekunst, samtalar, arrangement og nye dramapedagogiske tilbod der Ibsens tematikk blir knytt til vår eiga tid. Vi ønskjer å etablere eit større årleg arrangement i samband med jubileet.
Gjennom aktivitetar og framsyningar vil vi òg trekkje Ibsen inn på dei andre arenaene i stiftinga, og synleggjere relevansen hans i problemstillingar knytte til tema som kystkultur, folkekultur og demokrati.
Omfanget av jubileumsprogrammet vil vere avhengig av ekstern finansiering og samarbeid.

Universitetet i Oslo
Heilt sidan samtida til Ibsen har Universitetet i Oslo spela ei viktig rolle i formidlinga og forståinga av dramatikken hans. Professor i filosofi Marcus Jacob Monrad var mellom dei som medverka til diskusjon rundt skodespela etter kvart som dei kom ut. Sidan da har forskarar ved UiO vore sentrale i etableringa av eit internasjonalt forskarfellesskap som utforskar skodespela, korleis dei blir mottekne, praksis i framføring og aktuell betydning. Senter for Ibsen-studium er knutepunktet for forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling av Ibsen nasjonalt og internasjonalt, men aktive forskarar frå minst fem av dei åtte fakulteta på universitetet har òg medverka dei seinare åra.
Meld deg på den årlige Ibsen-forelesningen 2026, «We see most clearly at a distance», med professor Kirsten E. Sheperd den 27. november. Meir informasjon finner du hos Senter for Ibsen-studium.

Skien kommune
Første akt starta her.
Henrik Ibsen vart fødd i Skien 20. mars 1828, og han hadde heile barndomen sin i Skien. Skien kommune har ansvaret for opninga av det nasjonale jubileet, og har arbeidd etter ein eigen Ibsen-strategi sidan 2021. Skien opnar to nasjonale kulturbygg i jubileumsåret.
Dette skjer i Skien i 2028:
Opningsveke, mars: Jubileet blir offisielt opna 20. mars. Same dag opnar det nye Ibsenbiblioteket med Sølvåren Ibsen formidlingssenter, og Ibsens barndomsheim på Venstøp blir opna att. Opningsframsyninga er En folkefiende.
Ibsen Now, mai: Festival med demokrati og ytringsfridom som tema, annakvart år frå 2028. Ibsen Scope er ein del av festivalen. I 2028 er Skien vertskap for ICORN, nettverket av fribyar for forfølgde forfattarar og kunstnarar, i tilknyting til festivalen.
Ibsens rike, august–september: Festival om Ibsen, samfunnet og Telemark. Framsyningar, konsertar med samfunnsengasjerte artistar, samtalar og eit program for barn og unge i Skien og resten av Telemark.
Festivalane skal halde fram etter 2028.
Skien kommune ved kultursjefen sit i styringsgruppa for Ibsens fødeby og er ansvarleg for opninga.
Les meir på ibsenbyen.no
