Fallet – Ibsen gjennom Solstad
«Fallet» er ei musikalsk-litterær framsyning som nærmar seg Ibsen gjennom Dag Solstads Genanse og verdighet (1994). I denne romanen har Ibsens Vildanden ein sentral plass. Hovudpersonen, norsklektor Elias Rukla, oppdagar brått, etter 25 års gjennomgang av stykket, noko han ikkje har sett før, og som gjeld bipersonen dr. Rellings funksjon i dramaet. Har dette noko med hans eige liv å gjere? Arbeidsdagen endar med katastrofe, ei oppleving av å ha falle ut av samfunnet for godt.
Gjennom opplesing og musikk ynskjer vi å kaste lys over romanens tematikk, men også å formidle den særeigne musikaliteten i Solstads prosa. Utøvarane er Bjørnar Lisether Teigen (skodespelar), Eirik Havnes (musikar) og Geir Hjorthol (musikar). Framsyninga passar for bibliotek, litteratur- og kulturhus, litteratur- og teaterfestivalar og kan tilpassast tidsramma for ulike arrangørar.
Vi samarbeider med fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Telemark, men søkjer også andre samarbeidspartnarar, praktisk og finansielt.
Kontaktinformasjon
Geir Hjorthol, musikar og kunstnarisk leiar
E-post: ghjorthol@gmail.com
Mona Iren Auganes, fylkesbiblioteksjef Møre og Romsdal
E-post: mona.iren.auganes@mrfylke.no
Anette Storli Andersen, prosjektleder, Ibsen 200 i Telemark
E-post: anette.andersen@telemarkfylke.no